Om meg

Utdanna jurist, permisjon fra jobb, gift med Torgeir, og mamma til Aaron født -08, Emily født -10, Isabel født -12 og Isaac født -14.

fredag 28. august 2009

Barn i barnehage

Medan eg har gått rundt med mitt grublande sinn angåande Aaron og barnehage, kom dette på trykk i Firda avis i går:

LENGT

Eg sit her i sandkassen
heilt for meg sjøl
og her skal eg sitte å vente
vente på at dagen tar slutt eingong
og at du kjem att for å hente
eg veit det er ikkje lett for deg
men korleis trur du det er for meg
som er liten

Du er veldig snill eg får jo alt
eg peikar, og so har eg fått det
manglar ellers ingen ting
eg har det som dei på slottet
men likevel kjennes ei voldsom lengt
ei kjensle som mange har fortrengt
eg vil klemme

No er det vel slik, eg veit då det
for å leve så må ein ha ein jobb
men trur du det er nødvendig då
å leve som ein snobb
kunne du heller gitt meg litt tid
då skulle vi sitte i sofaen vi
å kose

Kanskje kunne vi gått på tur
i skog og mark, strand eller ur
kanskje finne ein spennande stein
rare tre, ei krokute grein
mange ting, som ingen ser
rusle omkring, berre være der
det kunne blitt om du hadde tid
til å leve

Endå er det ikkje for seint
kanskje kan eg få døyve min lengt
sjølv som voksen kan ein snu
endå kan det være eg og du
snu ryggen til det, å måtte ha
du trur eg ting skal ende bra
for oss begge

Ja, dette diktet stakk jo i en mors hjerte, og sjølv om ikkje eg jobber fordi eg skal ha råd til ting eg ikkje har bruk for, så hadde det virkelig et poeng. Eg går sporenstreks ned i 80% stilling, bestemødrene skal ha gullet mitt en gang i veka, og det blir dermed berre barnehage 3 faste dager framover.
*Knis* det er ikkje vanskelig å vippe en sårbar mor ut av pinnen for tiden!!!

onsdag 26. august 2009

BARNEHAGESTART!

Så kom den dagen som ho mor har grudd seg veldig til, GULLET SKAL I BARNEHAGEN! Men det har jo gåt veldig fint, og Aaron har vel grått mindre enn meg. Heldigvis er vi så heldige at Jeanette fikk seg jobb der i høst og er på hans avdeling, då letta hjertet mitt 100 kg. Ho er kjempeflink og Aaron likar jo ho fra før, så det har gått supert virker det som.
Og så ein kjempestor klem til Annette som har sendt meldinger før barnehagestart, 1. dagen Aaron var i barnehagen og dagane etterpå, det er veldig godt for ei hønemor! Sist men ikkje minst kom det en pakke i posten fra tante Annette til Aaron med smokker fra navnesmokken. For å sitere Annette så var navn på smokkane ment som en lur ting i disse "svinetider" *fnis*. Aaron vart forkjøla allerede etter 2 dager i barnehagen.... *fnys* Han har jo ikkje snørra sidan påske!!!
No er pappa Torgeir lenge vekke i forbindelse med jobb, og i neste veke starter eg på jobb, så no går vi i mot travle tider. Dermed utnytter eg no min "fritid" til å ta et skippertak i huset, det er endel rom som skriker etter oppmerksomhet....






Søskenbarna

Leander var fleire dager på besøk hos farmor, og hadde så lyst på besøk av Aaron, dei to kokte godt ihop, spesielt sidan Lenader har så godt lag med dei små.



Turen til Lyngdal 4 aug til 9 aug

Det var en koselig tur til Lyngdal for å feire bryllupet til Anne-Kathrine og Tharald. Vi hadde mamma med som "nanny" og det kom godt med!
Bilder fra bryllupet ligger på bryllupsbloggen, men eg rekner med det kjem fleire bilde ettersom man får hanket inn litt rundt omkring. En forlover har nemlig ikkje så god tid til å ta bilder i en sådan stund :o)




Følgere