
Det er ingen tvil om at trening er inn i tiden siden vi er godt i gang med januar. Eg har tusenvis (for å overdrive litt) med spørsmål om korleis eg har lagt om livsstilen.
1. Trening på Vibexcel. Styrketrening på vibrerende maskiner. Sjå www.vibexcel.com
2. Eg kickstarta med kondisjonstrening i tillegg, lange turer eller en kortare gåtur, den første månaden. Vil helt klart starte med dette igjen når snøen forsvinn.
3. Endre matvaner. Ikkje berre for en periode, men for alltid. Dermed må man bruke tid.
Ikkje begynn en sveltediett, eller legge om heile livsstilen på en gang.
Først starta eg med det eg drikker. Kutta ut alt av juice og brus, lett-melk osv. Kun vatn, kaffi, te med lite sukker og skumma-melk. Seinare erstatta eg brød med grøt og knekkebrød. Så har du alt av standardmaset videre, kutt ned på karbohydrater og bla bla. Eg fokuserte mest på å ete mindre av poteter, pasta osv, men kutta det ikkje ut. Bruker mykje kylling og nudler, laks, svinekjøtt, karbonadedeig. Minst mulig halvfabrikata. Man kan ikkje lage maten til så vanskelig at man gir opp... Prøv å tilfør grønnsaker meir og meir, nye oppskrifter osv.
4. Godteri og snacks en gang i uka. Skeier du ut når du ikkje skal og trykker i deg kjeks og chips fordi du berre måtte ha.. ja så gjorde du det, ingen fare, du berre fortsetter med ditt nye kosthold og trening, du gir ikkje opp og starter syndefloden igjen. Kutt ut alt av dårlig samvittighet.
5. Tren og et nokenlunde sunn mat fordi du kjenner det gjer godt for kroppen din og fordi det gjer deg i bedre humør!!! Dei to første månadane er verst, etter det skal det mykje til for at du har lyst til å falle tilbake til et mønster med lite energi, trøtthet osv.
Eg vegde 76 kg etter eg kom heim fra sjukehuset og hadde fått Emily. Før eg vart gravid låg eg i alt for mange år rett under 70 kg. No veg eg 56 kg og er veldig fornøgd. Men vekta er ikkje alt, den største bonusen er helt klart humør og energi!
LYKKE TIL!