I dag var vi på støylen i regnvær. Der er det stille og fredelig. Skarp kontrast til den veka eg har vært gjennom no. Eg har starta med klokka på 06.15 om eg ikkje allerede har blitt vekt av Isaac'en som plutselig vil ha melk en gang mellom 04.30 og 06.00. Fordi jentene ikkje skal grytidlig i b.hagen og pappa T ikkje skal tidlig på jobb enda, så eter heile hurven frukost heime. Inni dette skal matpakke smørast. Halv ni må Aaron ut av huset og foreløpig blir han fulgt et lite stykke. Så er det litt express rydding før jentene skal ut. No har eg vært nokre timer med Bella i barnehagen. Torsdag hadde ho 2 timer aleine og fredag 4 timer. I veka som kjem held eg meg til 4 timer. Dette betyr at eg rekk enten trening og handling, eller husarbeid. Ikkje så mykje meir... jentene må i hus og Aaron må plukkast opp 14.10. Så er det å kokkelere middag og deretter finne på litt aktiviteter sidan dei er så tidlig heime. Så er det kvelds. Aaron gjer skuleoppgaver når dei tre minste legg seg og så er det han. Etter alt dette har eg først en date med et rotete kjøkken og tre bomba stuer. Tilslutt avslutter eg med en lang seanse i vaskekjellaren.
Enkel hoderekning tilseier at kvardagen hadde blitt enklare med A på SFO og jentene i barnehagen i 7 timer (dei skal ha ca 5-6 timer på sikt og litt fri på onsdager). Men eg trur ikkje eg ville ha hatt det noke bedre. Du kan ikkje gi ungane dine noke meir verdifullt enn å gi av tida di. Eg har prøvd det meste og innimellom hatt ungane meir vekke enn kva eg har hatt lyst til pga studie, jobb og ikkje minst graviditet. Både unger og voksne blir i dårlig humør av det, ungane trenger å få ro og oppmerksomhet fra fireldre og foreldre blur hissige når den dårlige samvittigheten puster dei i nakken. Eg går ei ny travel veke i møte, men forhåpentligvis nokenlunde blide barn